Vi starta veka med å sjå ein film (ovenfor sola) som handla om to gutar som budde 10 månadar på ei hemmeleg strand. Målet var å surfe så mykje som mogleg, overleve på gratis mat utgått på dato, byggje eige husly, og ikkje minst, følgje ein draum. Resten av dagen gjekk til planlegging og pakking av morgondagens tur.
Tirsdag dro vi til Strandafjellet der vi skulle bu fram til onsdag. Målet var å terpe teknikk og bli betre alpinistar. Vi fekk møte ein tidlegare elev med navn Nils som skulle veilede oss. Etter ein lang og slitsom dag i bakken, dro vi heim til hytta, mekka mat, spelte spel og kosa oss. Mange store personlegheitar i klassa vår, førar ofte til diskutering.
![]() |
![]() |
![]() |
På onsdag var planen å stå på ski, men vi vakna til storm. Derfor var bakken stengt, og moglegheit for topptur var heller ikkje aktuell, sidan forholda var elendige. Vi måtte derfor krype til korset, å reise tilbake til skulen. Da måtte vi finne frem spaden fra skredutstyret og grave oss ut. Sidan det ikkje blei skiaktivitetar på oss, måtte vi gjennom ei beinhard styrkeøkt.
Torsdag skulle vi ha ballspel og leik. Etter leik og morro skulle vi sjå ein film som handla om livsnytarar. Der lærte vi at det er viktig å prioritere det ein ynskjar her i livet, og ikkje vie livet vårt til lange arbeidsdagar. Igjen kom frisøren Simon opp med ein brilliant ide om å farge håret sitt blondt, og Tone blått.
![]() |
![]() |
![]() |
Fredag var dagen hvor det ryktes om at det skulle være ein fantastisk solnedgang, så samtlige frå klassa valgte å gå opp til gapahuken. Dei norske handballgutane spelte semifinale imens vi var oppe i gapahuken. Dette førte til streaming av kampens andreomgang på mobilskjermen, og utroleg engasjement når Noreg slo Croatia. Nokre bestemte seg også for å overnatte. Fredag brakk Severin armen, og han er da den 4. eleven som skadar seg.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Lørdag var det seminar. Da fekk vi besøk av Ingeborg som hadde eit foredrag om ernæring, trening og helse, etterfulgt av styrketrening, yoga og uttøying. På kvelden såg vi film og spiste kanelsnurrar, bollar og drakk kakao i peisestua.
Søndag bestemte klassen seg for å spille fotball etter frukost. Vi såg også på VM, der Frankriket slo Noreg i finalen. Nå er det kveld her i ørsta, og senga kaller. Sees neste veke bloggææn.