Veke 2!

Preppekurs med Haakon og Øyvind!
Starten på måndagen blei undågjort med Haakon og Øyvind, då dei underviste i smøring og prepping av utstyret me har med oss hit. Haakon tok ein lett overgang av langrennski, rensing av gammalt klister og ny smøring på. Øyvind tok seg av ”nedoverski” der han først la på litt voks, rensa det av igjen og børsta vekk resterande støv. Lærerikt og spennande, til og med nokon av studentane reiste ned og kjøpte seg utstyr til skibehandling!

Møte med Mads
Tor-Erik er fortsatt ikkje heilt 100% i foten, og har no introdusert oss for ein gammal kjenning, som skal vere med oss som vikar. Mads Orheim Hansen. Han har no våre med oss på turen opp i standalen og blitt bedre kjent med oss. Mads skal vikarere på all aktivitet utanfor skulen, der Tor-Erik ikkje kan bidra med alt som skal lerast eller gjerast. Dette ser me fram til!

Starten på toppturane!
Denne Onsdagen tok me turen inn mot Standalen, for å teste ski-utstyret vårt. Me hadde med oss nye ski og sko, samt stavar og feller som skulle brukast for fyrste gong hos noken. Dei fleste hadde god kontroll, og sette på feller fort, medan andre trengte litt innføring i utstyret…. Henriette var den einaste som ikkje hadde skikkelege ski, og heller brukte langrennsski på heile turen… Dette førte til mykje tid i snøen, og mykje latter for oss andre!

Henriette i snøen
Henriette i snøen

Etter ei stund i snøen tok me oss ein liten lunch-pause, og fylte på med energi via matpakker og kakao/te, så bar turen vidare opp mot ein liten haug som me skulle ta av fellene på. Der oppe hadde me god utsikt, sjølv om det var mykje vind og mange blei kalde, følte nokon andre at dei kosa seg ekstra godt utandørs! Turen ned igjen blei inn blant nokon tre, dette var for nokon ekstra moro, medan nokon ikkje kosa seg fult så mykje. Alt i alt ein bra og fin tur, no kan alle alt om sine ski!

20150114_113954

Laurdagen!
Kvar Laurdag har me eitt seminar eller ein aktivitet, og denne veka var det Tor-Erik som hadde undervisning. Han viste fram fakta, opplevingar og historiar frå si tid på Svalbard. I tida han var der, arbeida han som naturguide og hadde derfor ufattelig mange fine bilete å vise oss.

Skitrekk-tur!
Søndag reiste nokon av elevane til Strandafjellet, medan andre reiste opp i Bondalseidet. Dette er to skitrekk i Møre (Strandafjellet 2t køyring, Bondalseidet (20 min). Det var nydelig ver, og alle kosa seg max. Medan nokon reiste for å køyre fort og kjenne på adrenalinet, reiste nokon for å kose seg på ski og trene litt. Ikkje alle var like heldige, og no ligg delar av ekstremsport på rygg i senga, enten sjuke eller med skadar. Ingen av skadane er farlege, og me reknar med at alle er oppe igjen og med på dei neste toppturane.

IMG_20150119_144852

Peace out.
-Eivind & Øyvind

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.