Hei bloggen!
Etter ei veke med vinterferie begynte mandagen med fullt kjør, med valfag og ei heftig økt pilates, der Ida Johanne var instruktør.

Tysdagen baud på sol og påskeføre i Bondalseidet i lag med Egyptklassen. Her vart det for det meste frikjøring på eit fantastisk påskeføre. Glade og veldig fornøyde vendte me attende til skulen.

Onsdagen stod det topptur på planen, samans med egyptarane. Me starta tidleg på oppstiginga til Sandehonet. Turen opp gjekk veldig bra på haldt skareføre, men nedkjøringa vart litt vanskeleg enkelte plassar, spesielt for oss på fjellski. Frida var litt uheldig i eit fall og fekk stålkanten på skia i bakhovudet, her lærte alle at hjelm er lurt sjølv om ein berre står på fjellski. Då alle endeleg hadde kava seg gjennom eit særs vanskeleg skogsparti var me klare for heimkjøring, men etter litt oppteljing merka me at egyptar Jostein mangla, men heldigvis for teknologien fant me ut at han var ok og ikkje langt unna minibussen, so me slapp å byrja ein leiteaksjon. Alt i alt var turen veldig kjekk sjølv om den var krevjande.



Torsdag kunne me velje å stå i trekket eller gå på topptur til Veirahaldet. Dei som vart igjen i trekket fekk opplæring i carwing teknikk av Joar og Nicoline, her fekk alle ei utfording og på slutten av dagen kunne ein lett sjå betringar hjå alle saman. Dagen blei dessverre litt meir actionfyllt enn kva me hadde håpa då Akå sin heftige kjøring endte brått og uforklarleg i eit heftig fall, som eit resultat av ei ekstrem kjøring. Ho blei frakta med bårde ned frå bakken og vidare til sjukehuset for røngten, heldig vis kom ho heilskinna frå det, med hjernerystele og «litt» smerter i ryggen. Dei på topptur kom heldigvis glade og fornøyde ned igjen utan store vanskar, og utan store fall. Men etter endt dag var dei aller fleste veldig nøgd med ein flott skidag.


Fredag gjekk med på diverse valfag, men på kvelden fekk me ein liten presentasjon av sykkelturen til Vegard Lindland, som kom på besøk til Sigurd på torsdagen. Var utruleg inspirerande og interessant å høyra om den delen av turen der han ikkje var i lag med oss i Tyrkia. Laurdagen var det seminar i internasjonal folkedans, her stal Markus og Tuva showet med stor entusiasme, men ein del av klassen reiste til Stranda for å delta på Alperittet. Søndagen har gått med på avslapping for nokon, topptur til Veirahaldet for nokon og tur i trekket for andre. I strålande sol og fantastisk moro med gode folk.
Har vore ei travel og hendingsfull veka, alt i alt heilt supert!



– Mathilde –
Ne