Siste surf og tur med klassen:)

7 5 4 3 2 1

20.april: Me starta veko med avreise frå Møre fhs tidleg måndag morgon. Turen gjekk til Hoddevika der me skulle surfe fram til torsdag. Me starta allereie måndag kveld, fordi været var så fantastisk då me annkom. Først sette me opp telta vore, der me alle var inndelt i ulike grupper på tre. Før Tor-Erik slapp oss ut i vatnet måtte alle koke og ete primusmat. Så var det klart for årets første surf. Sola steikte og det var bra stemning då det var mykje meistring i vatnet.  På kvelden fyrte bålkongen Martin eit stort bål der me grilla pølser og marsmallows. Etter ein lang dag med reising og aktivitet la me oss tidleg og sov godt i telta.
21 april: På morgonen var det svært lite bølger, men me var likevel tidlig oppe og vrei oss inn i våtdrakta. Etter ei heller kort økt med småsurf, reiste me på topptur. Nord for Hoddevika gjekk me opp effektive høgdemeterar langs fjellsida. Då den slitne gjengen annkom toppen var det klar for bilettaking. Bendik måtte på do, så han galloperte ned igjen. Etter turen hadde bølgene teke seg opp att, og dermed hoppa me ut i vatnet att. Grunna dårlig værmelding blei dette vår siste surf nokon sinne med klassa. På kvelden hadde me oppsummering av turen, der alle gav uttrykk for at dei hadde hatt ein særs fin tur. Resten av kvelden satt me rundt bålet og høyrte på Tor-Erik sine interessange historiar om Kari-Kari. Mykje latter og sjokkerande historiar 😀
22. april: Siste dagen i Hoddevika for ekstremsportklassen 2014/15 gjekk med på å pakke ned telt og utstyr. Det var trist å forlate dette paradiset, men nødvendig fordi det var meldt storm. Etter ein søvnig tur var det rett i bassenget i Volda. Me brukte dei aller siste kreftene våre på siste øving før me skulle ut i elva for å padle. Sidan det ikkje var planlagt heimreise fekk me ikkje mat av kjøkkenet, derfor fyrte me i peisen. Der satt me heile gjengen og gnafsa i oss pølser. Ettermiddagen gjekk med på avslapping og restitusjon. (Les: soving)
23. april: Tordagen reiste me til Volda etter morgensamling. Me delte klassen inn i grupper der me spelte frisbeegolf. Eivind grusa gruppa si(Batman allways wins). Været tok seg opp, og haglet sette ei stoppe for resten av dagen. Det medførte til at me ikkje fekk padle i havkajakk denne dagen. Men me fekk i oss lunsj og satte ei stund med bålet som laga av Tor-Erik.
24. april: Denne dagen gjekk med til å vaske buss, klasserom og utstyr som skulle pakkast ned(fordi undasluntrarane i Sør-Amerikaklassen ikkje gjore dette). Etter salatbar til lunsj vaska alle dei flinke elevane romma sine og dagen gjekk sin gang.
25. april: Lørdag var det tid for Kinaseminar. Dei fortalte om deira lange tur og mange opplevingar i Kina. Etterpå gjekk alle rundt på ulike postar der me fekk meir inntrykk av deira oppghald. I slutten viste dei ein lang film frå linjeturen deira. På kvelden vart me servert nydlig taco av Sør-Amerika. Etter at alle vart gode og mette fortsatte me kvelden i gymsalen der Sør-Amerika underhaldte resterande elevar. Sør-Amerika sørga for at alle hadde ein fin lørdagskveld.
26.april: Etter ein sein frukost sykla ekstremistane til ei elv i nærleiken. Der starta Joar sitt opplegg med elvepadling. Sidan dette var jomfruturen starta me roleg med ulike øvelsar og teknikkar som skulle gjere oss trygge i elva. Det var surt vær, men det brydde me oss lite om ettersom me hadde det svært morosamt. Etter ei lang økt i smeltevatnet sykla me tilbake til skulen der me hoppa i dusjen. Seinare aktiviserte Susanne dei utslitte elevane i gymsalen med stikkball. Det gjekk så hardt for seg at Nils forstua handa si.
I kommande veke skal me padle i elvene rundtom i Ørsta saman med Joar. Me alle er veldig spente og gleder oss svært til å lære meir om utfordringane i elva. Takk for oss!
-Eivind og Sunnivo.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.