Takk for turen:)

Eg vil nytte bloggen til å takke alle elevane for turen:). Kva som er ein bra tur, er det gjerne ulikt syn på, men godt er det. Snart skal vi evaluere denne reisa. Kva lærte vi i Tyrkia? Klarte vi å legge til rette for læring på denne turen? Mest leik og moro? Eller klarte vi å kombinere leik og moro med læring?

I evalueringa av ein folkehøgskulereise må vi alltid passe oss for at vi ikkje går i “luksusfella”. Skulle budd litt bedre, ete på Mcdonalds, ein dag til i badeland osv. Her må eg som linjeleiar vere tydeleg på kvifor vi reiser til utlandet. Vi er ikkje på ferie, men på ein skuletur der vi skal ha eit tett program med innslag av aktiviteter, kulturmøte, mat og histore. I tillegg skal vi velge flest mogleg aktivitetar der elevane er “piloter”. Bananbåt, strikkhopp og andre passasjer-aktiviteter er noko eg ser lite utvikling i. Slike ting er veldig moro, og fin avveksling frå det andre vi gjer, men eg har tru på det som heiter at ein skal “yte for å nyte”. Med riktig trening og fokus over lengre tid, vil elevane hauste av det dei har sådd. Resultatet er ei magisk kjensle av meistring og glede i eitt med naturen. Denne kjensla blir endå sterkare når ein kan dele opplevinga med dei andre i klassen.

Det eg personleg likar med å reise til utlandet i regi av Fhs, er å gå kompromissløs til verks med kvalitet på undervisninga. Vår største fiende i ein travel kvardag i Norge, er tida. I utlandet kan vi bruke heile dagen til f.eks klatring, legge oss, og gjere akkurat det samme dagen etter. Fleire dagar i strekk kan ein ha fullt fokus, og konsentrere seg om noko utan å bli avbrutt.

Eg hadde lite heimlengsel, og likte denne turen veldig godt. Mykje av grunnen til dette, trur eg, er at elevane viste interesse og respekt for landet, folket og kulturen. I aktivitetane viste elevane vilje til å lære, og prøve igjen når noko ikkje gjekk som planlagt. I tillegg var elevane langt over middels positive i ulike situasjoner. Ingen hang med leppa då vi kom 5 timar for tidleg til flyplassen. Dei viser at dei har evna til å tenke positivt. I dette tilfellet vart det å finne ut korleis ein kan nytte tida på ein mest mogleg fornuftig måte.

Vi skal no over i ein ny fase. November månad. Dette er den månaden mange elevar vel å bruke litt av fråværsprosenten sin. Energien er ikkje like stor som når ein står opp med sola, like ved Middelhavet. Eg utfordrar alle til å møte opp, og bidra med sitt, til at alle får ei flott “mørketid”. Det vert fokus på grunntrening og førebuing til vinteren, samt læring av eskimorulle og støttetak i elvekajakk. Gleder meg veldig til fortsetjinga av dette skuleåret!

Under kan dykk sjå to små “teasere” av sykling frå Cappadocia. Her var vi fire dagar på slutten av opphaldet.

Av og til går det nesten galt;)

Joar Wæhle
Linjeleiar Adventura Ekstremsport
“Mixing business with pleasure”

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.