Sunnmørsalpane er linja for deg som vil noko meir. Med Sunnmøre og Norge som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine betre å kjenne. Vi stiller ingen krav til forkunnskap i dette opplegget vi her presenterer. Det vi derimot krev av deg, er at du er motivert til å prøve noko nytt, og er villig til å bevege deg ut i det ukjende og møter opp på undervisninga.
Dette er linja for deg som:
- Ynskjer å utfordre deg sjølv
- Vil «det lille ekstra»
- Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend
- Ynskjer å lære eit stort mangfald av ulike ekstremsportaktivitetar
- Ynskjer å kome i bedre form
- Ynskjer å utvide det sosiale nettverket
På linja lærer du:
- Å knytte alle aktivitetane opp mot basis friluftsliv
- Du lære om dei ulike subkulturar og miljø i aktivitetane vi utøve
- Klatreteknikk inne og ute, på topptau og led. De får også brattkortkurs
- Surfing: surfekurs i Noreg og Hoddevika som er på liste over 10 beste surfeplasser i verden
- Elvepadling teknikk og sikkerhet i basseng og i vassdraga på sunnmøre
- Topptur på snø i Sunnmørsalpane. Trygge vegval, skredlære i teori og praksis
- Frikøyringsteknikk på ski
- Stisykling teknikk og linjevalg
- Ulike typar stup frå sviktbrett og plattform 1, 3 og 5 meter
- Førstehjelp / livredning
Du vil mellom anna oppleve:
- Nye sider ved deg sjølv
- Å få nye venner
- Teltturar og hytteturar
- Kvasse alpar og urørt puddersnø på toppturar i Sunnmørsalpane
- Heisbasert ski/snowboardkøyring på Strandafjellet – sjå video
- Bølger og kvite sandstrender i Hoddevika
- Ein skule tilrettelagt for ei aktiv fritid
- Knall og fall – glede og meistring
- Å vere aktivitetsleiar på Spenningskurset – les meir
- Ekstremsportfestivalen «X2» – les meir
- Ein lærar med spisskompetanse som vil motivere deg og pushe deg