Om oss

Adventura Ekstremsport er linja for deg som vil lære flest mogleg aktivitetar saman med andre som er gira. De får også kjennskap til miljøet rundt og kva for folk som driv med desse aktivitetane. Kanskje de finn ein aktivitet der de høyre heime? Med Sunnmørsalpene og BALI som undervisningsarena, flyttar vi grensene dine, og lærer deg og medelevane dine betre å kjenne.

Du vil mellom anna oppleve:

• Å få nye venner
• Nye sider ved deg sjølv
• Dagsturar i fjellet, men også telt og hytteturar
• Ei fantastisk reise til Bali (3-4 veker) med tandem paragliding over øde strender, dykking i tropisk hav, stisykling ned vulkaner, fjell, rismarker og den fantastiske Bali bike park samt at det er verdens beste arena for surfing.
• Kvasse alpar og urørt puddersnø på toppturar i Sunnmørsalpane
• Heisbasert ski/snowboardkøyring på blant anna Strandafjellet
• Ei veke med hyttetur og fokus på frikøyringsteknikk på ski. Her skal vi flytte pudder!
• Bølger og kvite sandstrender i Hoddevika
• Stisykling på sunnmøre
• Introduksjon til klatring (de får brattkortkurs)
• Ein skule tilrettelagt for ei aktiv fritid 
• Knall og fall – glede og meistring
• Å vere aktivitetsleiar på Spenningskurset
• Ekstremsportfestivalen “X2”
• Ein lærar med spisskompetanse som vil motivere deg og pushe deg Tek du utfordringa? Bruk eit år på personleg utvikling saman med likesinna frå heile landet.