Kor(t) til jul!

Heihei bloggen!

Då er november månad ved vegens ende, og det same er den såkalla kor-veka her på skulen. Det var mange elevar som møtte denne måndagen med eit litt tvilande sinn. Dette var starten på korveka vi hadde høyrd så mykje om. Ekstremsport-klassen har hittil i år våre gjennom mykje, men å synge i kor var vel ikkje det vi hadde gleda oss mest til. Trur derimot dei fleste vart positivt overraska etter den fyrste økta med dirigent Per Oddvar «Prots» Hildre. Ikkje berre var han himla god til å synge, men ein livleg og artig skrue var han også. Mange fekk ein overraskande positiv oppleving og for nokre gav det til og med meirsmak! I heile tre dagar lærte vi oss nye songar og om det å synge i kor. Resultatet av det heile skal bli ein musikkvideo som vi skal vise fram for dykk kjende og kjære dei siste dagane her på folkehøgskulen.

Koret som syng, med Prots til høgre
Koret som syng, med Prots til høgre

I og med at det snart nærmar seg jul har fleire pynta både rom og dører. Juletreet er reist i kantina, kalendergåvene står klare og julestemninga snik seg sakte men sikkert fram. Det er også sat i gong ein konkurranse om kven som har pynta døra si finast til jul, og skal tru om det er Johanne og Lilja som stikk av med førsteplassen i den konkurransen.

Eg vil også bruke denne anledninga til å skryte litt av den flotte naturen skulen er omgitt av. Ikkje berre har vi har vi skog og Sunnmørsalpane tett ved, men også Ørstafjorden og anna fin natur. Moglegheitane for å gå på fjellturar, kajakkturar, skogsturar osv er lagt godt til rette. Det er også fleire av elevane her på skulen som nyttar Ørstafjorden til det månadlege badet. Nicoline, Elise av Thea er blant desse og skal i dag ta novemberbadet. Kan tenke meg at det var bra kaldt! Nokre av valfaga, blant anna mat på bål, nyttar seg også av naturen. På dette bilete kan dykk sjå utsikta utover Hovdevatnet kvar vi elevane ved dette valfaget nyt maten rundt bålet.

 

417016_10151348113605829_1837340146_n

 

Frida <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Én tanke om “Kor(t) til jul!”