Merhaba!

Dagen i dag har vore fridag, der me kunne gjere litt som me ville. For ivrige klatremus vart det ein ny runde klarting, for andre blei det ei heftig økt i sola, ettersom det berre er ni dagar att av turen.

På grunn av fridagen har det vorte litt meir spreiing av gruppa enn dei tidlegare dagane. Ei lita gruppe samla seg tidleg på stranda for å få mest ut av sola, sjøen, boka ein har hatt som mål å lese ferdig og strandsteinen – som vart hyppig brukt som ammunisjon.

Nicoline sin hevn, etter ein runde med steinkasting

Nokon av klatrarane brukte heile dagen i veggen og kom ikkje att før mørke hadde lagt seg, medan andre tok ei litt mindre økt og deltok etterkvart i dei forskjellige strandaktivitetane.

max utnytting av sola

Etter middag vart det organisert tur til Chimera, ein fantastisk fasinerande plass, omlag 3 km frå Kadir’s Tree Houses (hotellet). Her er det eit naturleg utslepp av gass, som gjer at det konstant er flammar der, slik at plassen ser ut som eit fjellområde med mange små koselege leirbål.

Evige gassflammar

Her vart det grilling av marshmallows samstundes som ein stjernetent himmel vart nøye inspisert på leit etter stjerneteikn. Andre av oss var meir fasinert av å  slokke flammane med pusten for så å tenne på gassen att.

Bålkos med marshmallows

Eit siste «peace out» frå den nynorske minibloggaren Mathilde 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.