Hei bloggen!

 

Då er det klart for siste del av den fantastiske Tyrkia-bloggen. Denne gangen er det Olav og Øyvind som er ansvarlege for blogginga. Dette forklarar kvifor vi er nesten ei veke for seine med å legge ut bloggen…

20141024_122542Måndag klatra vi før lunsj og reiste deretter vidare til Antalya på ettermiddagen. Stemninga i gruppa var høg etter tre vellukka dagar med klatring. I Antalya vart det moglegheit for litt etterlengta dobesøk, shopping og fritid. Bussen gjekk deretter vidare til Cappadocia. Dette var ein badass mercedes nattbus, og nokre sov godt. Bussen kom alt for tidleg fram så mange var trøytte, men etter vi hadde fått gnidd søvnen ut av auga såg vi Göreme i soloppgang med eit titals luftballongar. Dette var vakkert! Det var bitande kaldt på morgonen så elevane var kreative for å halde varmen. Etter frukost vart det sjekk av syklane vi skulle bruke.  Etter lunsj reiste mange på tyrkisk massasje etterfølgd av ei tekknikkøkt med syklane vi skulle låne. Like før vi avslutta for dagen stupte Bendik over styret og fekk turens fyrste fall.jødn

Onsdag var alle gira på den fyrste heile sykkeldagen i Cappadocia. Dagens fyrste økt var ei fortsetting på teknikkkøkta frå tysdag. Her fekk Marianne eit solid fall som resulterte i både sår og krast bakfelg. Før lunsj fekk vi og ein introduksjon av legendariske love valley som for mange vart favoritt stien. Etter ein spreidd lunsj gjekk turen til Red valley.

Resten av dagane i Cappadocia gjekk stort sett på det same. Ei økt før lunsj og ei økt etter. Vi sykla  fyrst samla stiane i White valley og frå Sunset point. Deretter fekk elevane dele seg i grupper og sykle der dei sjølv ville. Sjølv om elevane fekk gjere som dei ville var aktivitetsnivået høgt og sykkelgleda stor. Det vil bli lagt ut filmar frå syklinga når dei er klare. På kveldstid fekk vi og utfordra oss på andre områder. Torsdag vart det arrangert ein intens fotballkamp som Tor-Erik og Nils laga film av. Denne ligg allereie på bloggen. Taparane av kampen måtte danse til tyrkisk musikk langs vegen mellom forballbana og hotellet vårt. Dette vart godt motteke av ein passerande bilist som stoppa og vart med på dansen. På søndag hadde guiden vår Faruk ordna med paintball. Dei fleste var veldig gira og gleda seg mykje. Tor-Erik derimot hadde ikkje spesielt lyst, men han gav etter for press frå elevane.

20141026_15413320141029_152810

 

Som dykk ser av bilde hadde Tor-Erik også kalla kyllingen, polstra seg godt meg puter og handklede. Han var ikkje spesielt gira og angra på at han vart med. På vegen heim frå den harde paintball kampen fekk vi middag. Her klaga Schiøtz på at han var kald og våt, og at han derfor kom til å bli sjuk. Tor-Erik såg alvoret i situasjonen og fekk ordna klede til den våtte potetbonden.

20141027_213230

Måndag gjekk turen vidare med fly til Istanbul. Til klassenes store glede var det eit underhaldingssystem i flyet. Vi blei like fort skuffa att når vi fekk vite at det ikkje var i bruk på innanlandsturane. Vi fekk ein rundtur i byen, der vi såg kryddermarknaden, taxim square og den største handlegata i Istanbul. Tysdag fekk vi guida tur i den ortodokse kyrkja Hagia Sofia og den blå moskeen. Begge to var heilt enorme og tok pusten frå elevane. Etterpå var det sett av tid til shopping og lunsj. Etter mange timar med shopping og fleire lunsjar møttest vi til eit siste måltid saman. Alle fekk anledning til å sei nokre ord om korleis dei hadde opplevd Tyrkia og klassen fekk ein fin avrunding på turen. Onsdag flaug vi den siste etappe heim til Norge og Oslo. Der vart turen offisielt avslutta på Gardermoen. Takk for ein kjempeflott tur saman!20141023_154526

Helsing Systrendingadn.

 

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.