Torsdag 11 oktober: Dalyan-Öludeniz/Fethiye
Frukost. Tidleg avreise til Fethiye/ Öludeniz. Ca. 4 timar busstur. Tre kilometer lang sandstrand med laguner og varmt vatn ventar oss, men før det vert det lunch og mulighet for å fly med paraglider ned til stranda. Transport til Hotel Dedeoglu. Middag på eigehand. Vidare lesing i dykkeboka før leggetid.
Hei, alle dokke der heime!
I dag har vore ein veldig innhaldsrik dag! Bading, paragliding, byvandring og leik er berre nokre av stikkorda. Dagen byrja med avreise frå Dalyan etter frukost og det vart ein gira gjeng som sat seg i bussen. Opphaldet i Öludeniz byrja med felles lunsj på ein restaurant ved stranda. Medan vi åt, såg vi på japanske turistar som paraglida. Etter lunsj var det vår tur. Vi vart delt inn i to grupper og det tok ikkje lang tid før gruppe 1 kom dalande ned frå himmelen. Eg veit med sikkerheit at eg snakkar for heile klassen når eg seier at paraglidinga var ein fantastisk opplevelse! Følelsen av å bokstavelig talt henge i nokre trådar 1700 meter over vakre Tyrkia er uslåeleg og noko som kan anbefalast. Både bilete og film frå «fly»-turen var også mogleg å få kjøpt etter landing.




Etter nokre timar med bading og soling på stranda bar det vidare til Fethiye kvar vi skulle tilbringe natta. Etter innsjekking på Hotel Dedeoglu gjekk vi til byen for å ete middag og handle.

Godnatt bloggen. -Frida <3